Arbeidsgiver: Vekstra Fjord Rekneskap AS
Stillingstittel: Statsautorisert/erfaren rekneskapsfører
Frist: 17.06.2024
Ansettelsesform: Fast
Vi søker etter statsautorisert/erfaren reknskapsførar som kan bidra til vidare vekst og utvikling av selskapet, med arbeidsstad Hornindal eller Stryn.
Vi ser etter deg som ønskjer å sjå framover og bort frå den tradisjonelle bilagsføringa, og over til meir moderne rekneskapsrådgiving. Som reknskapsførar spelar du ein viktig rolle som støtte og samarbeidspartnar for eit vidt spekter av kundar. Ved å vere tett på kundene og gi rettleiing, bidreg du også til vekst og utvikling i det lokale næringslivet.
Sjølv om tal er viktig, er økonomi mykje meir enn berre tal. Rekneskap- og økonomifaget er praktisk og krev at du løfter blikket, er nysgjerrig og tør å stille spørsmål. Det er ikkje alltid klare svar, og det er det som gjer jobben vår så interessant.
Arbeidsoppgåver:
- Rekneskapsføring A-Å
- Oppdragsansvar
- Økonomisk rådgjeving, konsulentoppdrag og bidrag til tilleggstenester
- Utarbeiding av årsoppgjer/skattemelding
- Rapportering
- Skape og bidra til gode kundeopplevingar
Kvalifikasjonar vi ønskjer er:
- Statsautorisert rekneskapsførar/erfaren rekneskapsførar
- Relevant rekneskapserfaring, inkludert årsoppgjer
- Kjennskap til landbruksrekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav
- Engasjement for faget, og stoltheit over å vere rekneskapsførar
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig og løysingsorientert, men trivst òg godt med å jobbe i team
- Gode samarbeidseigenskapar både internt og eksternt
- Gode generelle IT-kunnskapar og god kjennskap til økonomisystem
Vekstra Fjord Rekneskap tilbyr:
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid med gode muligheter til å styre eigen arbeidsdag
- Uformelt og inkluderende arbeidsmiljø
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode muligheter for faglig utvikling og nettverksbygging
Sektor: Privat
Sted: 6761 Hornindal
Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
Bransje: Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap / Regnskap
Arbeidsspråk: Norsk
Om arbeidsgiveren
Vekstra Fjord Rekneskap AS:
Vi er eit rekneskapskontor i ØkoRåd-kjeda med avdelingar på Nordfjordeid, Sandane, Valldal, Ulsteinvik, Hornindal og Stryn. Vi er totalt 32 tilsette (25 årsverk), av dei er 15 statsautoriserte rekneskapsførarar. Målet vårt er å vere den føretrekte samarbeidspartnaren innanfor rekneskapsføring, økonomisk bistand og rådgiving, og strategisk sparringpartnar på «stort og smått» til hjelp og støtte for kundane våre.
Vi er òg opptekne av å jobbe med automatisering og digitalisering som kan forenkle og effektivisere arbeidsoppgåvene både internt og eksternt.
I løpet av våren 2024 har vi vore gjennom fleire fusjonsprosessar. Nasjonalt gjennom fusjonen mellom Vekstra- og ØkoRåd kjedene og lokalt gjennom fusjonen mellom Vekstra Fjord Rekneskap AS og Hornindal Rekneskap AS.
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Ivar Paulsen
Stillingstittel: Administrasjonsleder
Mobil: 99 69 52 26
E-post: Ivar.paulsen@vekstra.no