Hjem » ØkoRåd Sogn
ØkoRåd Sogn
Økonomiservice er eit godkjent rekneskapsbyrå som held til i Lærdal, Årdal, Sogndal, Vang, og Leikanger. Med 28 tilsette og 12 autoriserte rekneskapsførarar er vi eit av dei større sjølvstendige rekneskapsbyråa i landet. Økonomiservice as er medlem i Regnskap Norge.
Økonomiservice har dei siste åra hatt fokus på kompetanseheving, teknologiutvikling og programvareutvikling. Verksemda har difor mange tilsette med god kompetanse innanfor alle fagområde. Me har ein moderne teknologi og programvare som gjer dei tilsette svært mobile i arbeidet, og samtidig gjev kundane våre tilgang til sine rekneskap, f.eks. ved å ta ut sine eigne rekneskapsrapporter via internett.
Framtida inneheld mange spanande utfordringar, spesielt når det gjeld teknologiutvikling og kompetanseutvikling. Strategiske satsingar framover er difor å ta i bruk ny teknologi, utvikle kompetanse og sikre dei tilsette rett kompetansenivå, og å inngå alliansar og samarbeid med selskap som det er naturleg å samarbeide med.