Det er kjekt å kunne melde at ØkoRåd Fjord no har inngått samarbeid med Stad Regnskap & Rådgiving AS som held til på Leikanger (Stadtlandet). Stad Regnskap & Rådgiving AS (SRR) er eit godt og veldreve rekneskapskontor med kundar primært i Ytre Nordfjord og Ytre/Søre Sunnmøre, med totalt 3 ansatte i 100% stillinger og ca 110 klientar. Dagleg leiar Mirjam Friberg og styreformann Audhild Losnegård har begge over 40 års erfaring fra rekneskapsbransjen, inkludert mange år med drift av eige selskap.
Kundane er ein god miks innan: industri, service, landbruk, fiske, butikkar, privatperson, sameige og lag og organisasjonar.
Selskapet er p.t. frittstående, så dette passer godt inn m.h.t. vår ambisjon om større nedslagsfelt i Ytre Nordfjord og Ytre/Søre Sunnmøre. I tillegg kan vi avlaste og hjelpe kvarandre på smått og stort som kan være aktuelt.
Reint formelt er det Jolot AS som kjøper 70% av aksjane, slik at dagens eigarar (dagleg leiar og styreformann) sitter igjen med 30% av aksjane i selskapet. Planen er dog at selskapet blir fusjonert inn i Økoråd Fjord AS neste haust, og fortsett etter evt. fusjon som eiga avdeling Stadtlandet.
Vi ønsker Mirjam, Audhild og Malene velkommen med på Økoråd Fjord AS «laget».